To filmar i Grendatun søndag 12. mai!

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/5/2019 09:55

Timmy og monsterplaneten

Bli med på ei spennande oppdagelsesferd saman med Timmy på monsterplaneten!

Timmy og foreldra er på ei reise gjennom verdensrommet. Ein dag blir romskipet deira øydelagt når dei køyrer gjennom eit asteroidefelt, og unge Timmy blir skild frå foreldra sine.

Foto: Filmweb.no

 

Redningskapselen han har blitt plassert i landar på ein heilt ukjent planet. Ved hjelp av Bulk, ein overlevelsesrobot, må han overleve åleine på planeten heilt til eit redningsmannskap kjem. Heldigvis er Timmy nysgjerrig, og elskar eventyr, så i mellomtida drar Timmy og Bulk på oppdagelsesferd på den merkelege planeten dei har landa på. Her møter dei blant anna Flash, ein rar liten skapning som tar følge med dei på ferda. Dei oppdagar planetens magiske dyre- og planteliv, søte og morosame monstre og spennande nye stadar. Men det dukkar også opp farer ved å vera på ein heilt uutforska planet…

Lengde 1 t. 29 min.

Aldersgrense 6 år


The Curse of La Llorona

Når to born forsvinner på mystisk vis byrjar sosialarbeidar, og aleinemora Anna å etterforske hendinga, som trekker hennar eigen familie inn i eit skremmande og overnaturleg univers. Den desillusjonerte presten «Curandero» er deira eineste håp om å overleve den dødelege vreden frå gjenferdet La Llorona. Med sin okkulte praksis prøver han å gjera slutt på forbannelsen til La Llorona ein gong for alle.

 

Foto: Filmweb.no

Sjanger HorrorThriller

Lengde 1 t. 33 min.

Aldersgrense 15 år

 

Tekst og foto henta frå Filmweb.no