Røykvarslardagen

Publisert av: May Britt Meland
30/11/2022 14:07

I morgon 1. desember er det røykvarslarens dag. Dette er dagen for å bytte batteri og teste røykvarslarane i heimane. Då har du gjort eit grep for å kunne nyte alle dei andre dagene i året.

Brannsjef Torfinn Kongsvik kjem med følgande tips i anledning røykvarslarens dag:

  • Hugs å byte batteri i røykvarslere som har eige batteri.
  • Om du kjenner nokon som ikkje kan byte batteri eller sjekke røykvarslaren sjølv,  er dagen ein fin anledning til å hjelpe dei med det.
  • Ein røykvarslar bør bytast ut med ny etter 10år.
  • Røykvarslaren redder liv kvart år i Norge.
  • Alle bueingar skal ha minst ein røykvarslar. Det er krav om ein varslar i kvar etasje som ein høyrer på soveromma med døra lukka.

 

Med dagens høge straumprisar er det mange som fyrer med ved. Vest brann- og redningsregion skriv følgande om korleis ein fyrer riktig:

Fyrer du riktig, unngår du brann, sparar miljøet og får meir varme. Følg desse gode råda for trygg fyring.
Bruk tørr ved
Bruk kun tørr og rein ved! Då får du meir varme og mindre sot i eldstaden og skorsteinen. Tørr ved veg lite og har djupe sprekker. Er du usikker på om veden din er tørr, anbefalar vi å teste med ein fuktmålar. Desse er rimelege og kan kjøpast i bygg- og jernvareforretningar. Fuktigheita skal vere under 22 % (helst under 20 %).

Tenn frå toppen
Har du ein moderne reintbrennande eldstad, tenn frå toppen av veden:

Legg tørre vedkubbar nedst, ei blanding av opptenningsved oppå kubbane og 2-3 opptenningsbrikettar øvst
Tenn på opptenningsbrikettane på toppen
La veden brenne heilt ut til det er ein haug med glør, før du legg i ny ved
Legg deretter i litt og litt ved, slik at det brenn med rolige flammar
Denne metoden gjev mindre sot og partiklar, bedre tilførsel av luft og gjer at dei første vedkubbane brenn lengre og betre. Då reduserer du partikkelutsleppet frå skorsteinen. I tillegg får du utnytta veden langt meir effektivt og det gjev mindre oske og sot.
Sørg for riktig trekk
Det trengs mykje luft til god forbrenning. I tette hus kan det hjelpe å setje ei dør på gløtt eller opne eit vindauge i rommet når du skal tenne opp. Når det er god varme i eldstaden, kan du regulere trekken ned til det brenn med rolege flammar. Hugs å skru opp trekkventilen igjen slik at veden tek god fyr.

Synast du det er vanskeleg å vite kva du skal gjere for å få riktig trekk? Eit godt tips er å sjekke bruksanvisninga for eldstaden din. Om du ikkje lenger har det tilgjengeleg, kan du som regel finne det på internett. Søk på namnet på eldstaden din.