Røyk i Mandelhuset

Publisert av:
24/7/2012 11:32

Om lag klokka 13 tysdag kom det røyk ut frå kjøkenet på Mandelhuset i Våge.

Det er ingen flammar å sjå, berre masse røyk. Brannvesenet sine folk har vore inne i bygningen. Tilsette ved Mandelhuset er komt seg ut.

Sunnhordland.no melder at det var fyr i ei frityrgryte. Lensmann Lorentz Lunde seier til sunnhordland.no at dei som var på kjøkenet var godt trent og gjorde alt rett. Dei skrudde av varmen og dekka til. Kjøkenet fekk røykskadar og må både vaskast og luftast før det kan takast i bruk igjen.

Det var to personar som var på kjøkenet som måtte få litt ekstra sursfott då dei kom ut.