Foto: Tysnes.kommune.no

Retaksering av alle eigedomar i Tysnes kommune

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/9/2020 10:02

I kommunestyre 16.06.2020 vart det vedteke at eigedommane i Tysnes kommune skal retakserast for å oppdatere grunnlaget for eigedomsskatten.

Bakgrunnen for dette, er at prisane på bustdadeigedomar i Tysnes har auka  med mellom 25% og 35% (tal frå SSB) i perioden 2009 til 2018, og at eigedomsskattetakstane er lavare enn reell salsverdi.

Arbeidet med retaksering startar opp i oktober, og skal etter planen vere ferdig februar 2021. Ein reknar med at dette vil føre til høgare takst på dei fleste eigedomane i kommunen. Den nye taksten legg grunnlaget for eigedomsskatt frå og med 2021.

Kommunen får inn omlag 10,5 millionar kroner årleg i eigedomsskatt.

Du kan lese meir om arbeidet med retaksering, og synfaring på din eigedom, på heimesida til Tysnes kommune ved å klikke her.