Frå vår-dugnad i Lunde

Ryddedugnad i bygdene på Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/4/2020 11:53

Det starta med at Lundegrend Bygdeportal oppfordra bygdefolket, via facebook, til å vera med på vår-dugnad. Mange likar å gå tur, så kvifor ikkje rydde litt medan ein er ute og går langs vegen.

Elida Lunde Mundal har og vore med å rydda.

 

Tveit Bygdalag tok utfordringa vidare til si bygd, så også der har det blitt plukka boss langs vegen.

Rita Høgestøl har godt redskap til å plukke boss med.

 

Arne Høgestøl har funne litt boss

 

Wenche Brandsæter har rydda i frå Nedrevåge til Teigen.

 

Mange har deltatt, både store og små, og masse boss har blitt plukka i nærområda.

Uggdal Bygdalag har også deltatt i ryddedugnaden, og Lena Vermedal er blant dei som har vore med.  Dei rydda frå midt i Uggdalsdalen til Vermedal, og skriv på Facebook at det vart mykje boss. Dei fann blant anna ølbokser, spritflasker, snusbokser, vannflasker, chipsposer, yoghurtbegre, fast food emballasje og ein bærepose med brukte toalettartikler.

Foto: Lena Vermedal

 

Onarheim Bygdalag har også tatt utfordringa. Er det andre bygder som tar utfordringa? Send gjerne inn bilder til Tysnesingen, så skal me vise dugnadsånda på Tysnes.