Publisert av:
13/5/2009 20:07
Resultat bowling 2.divisjon
Årets 2. divisjon vart litt redusert i forhold til det som vart planlagt. Dermed er det litt ulikt med talet på kampar for dei ulike laga.
Tysnes Kraftlag er vinnar av pulje 1 og Dalland Bygg/Os Maskin er vinnar av pulje 2.
Desse to laga spelar finale torsdag 14. mai kl. 18.00. Kampen går ein time før Tysnesmeisterskapet.
Dalland Bygg/Os Maskin og Tysnes kommune Rådhuset 2 rykker opp til 1. divisjon til neste år.
Tysnes Sparebank og Tysnes kommune Rådhuset 3 trekker sitt lag til neste år. Me takkar dei for utmerka innsats i 4 år.
Husk opent Tysnesmeisterskap torsdag 14. mai kl. 19.00