Resultat Alsaker-konsernet 2012
12/6/2013 17:48
Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit drifsresultat på kr 62 millionar i 2012. Med ein omsetnad på 879 millionar gir dette ein driftsmargin på 7,1 %.
Konsernet sin omsetnad auka med kr 5 millionar, frå kr 873 millionar i 2011 til kr 879 millionar i 2012. Auken i omsetnad kjem i all hovudsak frå auke i slaktevolum av laks. Resultat før skatt enda på kr 48 millionar mot kr 152 millionar i 2011.
Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2012 5 smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri.
Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.
I 2012 produserte konsernet omlag 37.500 tonn laks, mot 32.000 tonn året før.
Produksjonsmessig har 2012 vore eit godt år for konsernet. Både produksjons- og slaktekvantum auka mykje samanlikna med året før. I 2012 hadde ein berre tre nye utbrot av fiskesjukdomen pancreas disease (PD), og dødlegheiten i samband med kvart utbrot var også mindre alvorleg enn tidlegare.
I 2012 hadde konsernet 170 årsverk, og konsernet har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.
Den internasjonale marknaden for laks har vore prega av ein stor auke i tilbodet av laks i 2012. Det globale slaktevolumet av atlantisk laks auka med heile 22% samanlikna med året før, og dette førte tidvis til prispress og ein lågare pris på laksen. Konsernet sin snittpris på sal av laks vart såleis kraftig redusert i 2012 samanlikna med 2011.
Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 619 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 43 %.
Pr 12. juni, 2013 er konsernet heilt PD fri! Dette er eit resultat av eit omfattande, systematisk og målbevist arbeid gjennom heile organisasjonen over lang tid. Smoltkvalitet, driftsrutinar på oppdrettsanlegga, systematisk prøvetaking, ”kvakksalve”, samt andre førebyggjande tiltak har vore sentrale.