Konsernsjef i BKK Jannicke Hilland. Foto: BKK

Tiltak er iverksett for å sikre straumforsyninga på Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
18/3/2020 08:59

Slik sikrar BKK straum under pandemien

BKK har iverksett ei lang rekkje tiltak for å oppretthalda trygg straumforsyning for innbyggjarar i Tysnes.

Tiltaka skal sikra tilstrekkeleg bemanning til å ivareta ei trygg og stabil straumforsyning, kraftproduksjon, fjernvarme og fiber. Selskapet var eit av dei første i Noreg som ga eigne tilsette karantene etter feriereiser i land med koronasmitte. BKK opererte ei stund med strengare tiltak enn myndigheitene sine tilrådingar. Der det er mogleg, jobbar alle frå heimekontor. Til og med 1000 daglege førespurnader til kundesenteret vert handtert av medarbeidarar på heimekontor.

Sjukdom er største trussel
– Vi skal sikra straum til helseinstitusjonar, bedrifter og heimar til 425 000 vestlendingar. Den største trusselen BKK står overfor med koronapandemien er om vi skulle få så mange sjuke medarbeidarar at vi ikkje klarer å løysa samfunnsoppgåvene i regionen vår. Derfor er hovudfokuset vårt å avgrensa smitte og halda medarbeidarane våre friske, særleg dei som gjennom sine funksjonar er definert som kritisk personell, seier konsernsjef Jannicke Hilland i BKK. Dagleg har ho beredskapsmøte på video med leiarane sine for å styra BKK og selskapet sine 1200 tilsette gjennom krisa. Dotterselskapet BKK Nett sette beredskap sist veke for å sikra straumnettet.

Største nettselskap i vest
BKK Nett er det største nettselskapet på Vestlandet og leverer straum frå Sunnfjord i nord til Etne i sør. Når det skjer straumbrot, rykkjer montørar stasjonert over heile Vestlandet ut for å retta feil, ofte under svært krevjande vêrforhold. Dette er kritisk personell som det er spesielt viktig for BKK å halda friske. Det same gjeld kritisk personell som driftar selskapet sine kraftverk, fibernett og fjernvarme.

Planar for å setja inn mannskap frå andre regionar
– Vi er avhengig av operativt mannskap ute i felten. For å ivareta desse på best mogleg måte gjennomfører vi berre heimebesøk dersom dette er strengt nødvendig, og då med verneutstyr. Arbeidslaga i felt er delt opp, slik at det er minst mogleg kontakt mellom desse. Vi gjer gode risikoanalysar. Alt handlar om å unngå sjukdom i størst mogleg grad. Vi har også laga ein intern app der alle medarbeidarar kvar dag skal registrera om dei er friske, sjuke eller i karantene. Dermed har vi også god oversikt, seier Jannicke Hilland. Dersom store deler av dei tilsette i eitt geografisk område skulle bli sjuke, har BKK planar for å setja inn mannskap frå andre regionar i BKK for å sikra straumforsyninga.

For å redusera smittefaren blir fleire arbeidsoppgåver sett på vent.
– Eltilsyn hos privatpersonar vil ikkje bli utført inntil videre, men vi oppsøkjer bedrifter og byggjeplassar, sjølvsagt i samsvar med nasjonale retningslinjer for den situasjonen vi er i og våre eigne risikoanalysar. Ei rekkje vedlikehaldsoppgåver og arbeid som ikkje er kritisk, blir også sett på vent. Dette gjer vi både for å hindra spreiing av koronaviruset i samfunnet, og for å avgrensa spreiinga inn i vår eigen organisasjon, fortel Hilland.

Kvar einaste dag får BKK-tilsette oppdatert informasjon i selskapet sin interne informasjonskanal om tiltak som blir iverksett og hendingar knytt til pandemien. BKK har også oppretta ein eigen psykososial støttetelefon for tilsette som treng nokon å snakka med, der dei kan få råd og støtte frå HR-avdelinga.

Illustrasjonsfoto BKK

 

Om BKK

Vestlandets største fornybarselskap.
BKK Nett driftar og byggjer straumnettet lokalt og regionalt i 19 kommunar på Vestlandet.
Har 27.500 km straumnett.
Driv kraftproduksjon, leverer fiber til bedrifter og driftar fjernvarmenett i Bergen.
Er Norges tredje største innan hurtiglading av elbilar
BKK Kvinnherad Energi vert ein del av BKK våren 2020.
Tysnes Kraftlag og Etne Elektrisitetsverk vart ein del av BKK i 2018
BKK AS er eigd av Etne elektristetslag, Tysnes Kraftlag, 17 kommunar og Statkraft.

 

Pressemelding frå BKK