Anna Dorthea Espevik under dagens EM. Foto: Norges Styrkeløftforbund

Rekordjenta slo til igjen

Publisert av: May Britt Meland
10/10/2018 20:08

Under EM Benkpress Utstyr i Hamm, Luxembourg tildlegare i dag fekk tysnesjenta Anna Dorthea vist kva ho er god for.

Tysnesjenta sette ny juniorverdensrekord -84-klassen i benkpress enkeltløft.

Det vart nervepirrande då ho fekk ein bom i avslutningan av det fyrste løftet. Så satte ho inn med 165 kilo i det andre løftet, før ho avsluttet med ein råsterk 172,5 kilo i tredje løft!

Anna Dorthea var suveren i si klasse, og løfta heile 30 kilo mei enn den svenske jenta som kom på andre plass med 142,5 kg.

 

Anna Dorthea Espevik øverst på pallen. Foto Norges Styrkeløftforbund

 

Tysnesingen.no gratulerer Anna Dorthea med sigeren og verdensrekoden!

 

Pynta med dei norske fargane og klar til å representere Norge i EM! Foto: Privat