Registrering av gammalt draktmateriale i Tysnes

Publisert av:
12/5/2009 18:10

Målet med kurset var å gje rettleiing i det omfattande registreringsarbeidet som skulle setjast i gong over heile fylket. Mi oppgåve med dette arbeidet var å kursa medhjelparane i Tysnes kommune og koordinera arbeidet vidare til Skriftnemda .

Området galdt kvinne- og mannsplagg, sermonielle plagg, sko og bunadsølv. Alt skulle fotograferast med opplysing om materiale, farge, teknikk.og mål. Standardskjema inneheldt navnet på eigar og alder på plagget så langt råd var. Til dette store arbeidet var det ein til to  medhjelparar i kvar bygd . Registreringa vart utført kringom i heimane.  Materialet inneheld 683 registreringar av ulike plaggtypar og sølv. Registreringskjemaene og filmane er bevart på Hordamuseet, men Tysnes kommune har fått kopi av skjemaene.  Dette arbeidet resulterte i boka ” Bunader i Hordaland” som sikkert mange har kjennskap til.

Det var på høg tid dette arbeidet vart gjort. Arv og deling av ting har ført til at gamle plagg har skifta eigar og teke vare på utanfor øya.

Mi oppmoding no er at dette viktige materiale vert digitalisert. Dette bør vera ei oppgåve for Sogelaget og Olav Skjellevik som har drive med data og gamle bilete på øya.

Boka om ”Tysnesbunaden. Kvinne- og mannsdrakt før og nå.”
handlar om draktskikken på 1800- talet.

Eg vil også nytta høvet til å minna om boka mi som er til salgs hos alle bokhandlarane. Problemet er at butikkane er lite viljuge til å ta inn eksemplarer utan at kunden spør etter den. Ifylgje forlaget er dette eit kjent problem. For eit par år sidan hadde forlaget innstikk i bladet Tysnes tilbud av boka til redusert pris.  Dessverre gav reklamen liten respons.

Boka er ei vidareføring av hovedfagsoppgåva ved Høgskolen i Oslo 1995 med avhandlinga
”Tradisjon og nyskaping”. Målet med boka var å dokumentera  arbeidet mitt for ettertida.   
Noregs mest kjende draktforskar Aagot Noss var konsulent for prosjektet mitt og ein av sensorane ved eksamen. Ho har vore medlem av Bunad og Folkedraktrådet i mange år og fylgt arbeidet mitt heilt sidan 1966. Boka har fått god omtale blant folk i fagmiljøet i fleire delar av landet.  ”Historien om draktbruk, der særlig tidligere tiders kvinnearbeid belyses, er viktig kulturhistorie, og dermed meget lesverdig for langt flere enn spesielt bunadsinteresserte”, skriv forlaget om boka.

Eg vonar at fleire vil nytta høve og kjøpa boka.

Anna Gregoriusdotter Skaar