Refleksdagen
15/10/2015 06:14
I dag 15 oktober er den nasjonale refleksdagen. Det er Trygg Trafikk som står bak prosjektet som skal understreke viktigheten av å bruke refleks for å bli sett. Utan refleks er du først synlig på 25 – 30 meters hold, mens du med refleks vert synleg på 140 meters hold når bilen brukar nærlys.
Omrekna til sekund har bilføraren 10 i staden for 2 sekund til å reagera i 50km/t. noko som kan vere forskjellen på liv og død.
Du treng refleks sjølv om det er gatebelysning. Dei fleste fotgjengerulykker skjer faktisk i bystrøk med gatelys i området. Refleksen bør henge i knehøgd for å ha best effekt. Refleksvest er eit enda betre alternativ for å verta sett av bilistar.
Vær og bevisst på at refleks er forbruksvare, riper svekker refleksjonen, og ein vest som har vore vaska mange gonger vil få redusert effekt.