Smitteverntiltak på ferjene

Publisert av: May Britt Meland
19/9/2020 12:04

Kommunal kriseleiing (KKL) hadde møte i går, fredag 18. september. Det vart vedteke at Tysnes kommune ønskjer å oppmoda dei som reiser med bil på ferjene våre, til å held seg i bilen under overfarten. Dette er etter anbefaling frå smittevernlege.

Kommunen er i dialog med Skyss og ønskjer at dette vert informert om på ferjene.

På kommunen si heimeside finn ein fleire hovudpunkt frå møtet:

Oversiktleg smittesporing
Smittvernlegen informerer om oversiktlig smittesporing i kommunen i samband med at ein person fekk bekrefta Covid-19 på onsdag. Me har god oversikt over nærkontaktane til denne personen – og det er fortsatt lite trulig at me får eit større lokalt utbrot.

Nye lokalar for Covid-19 avdeling
Mestringshuset overtek lokalane til den gamle sjukeheimen. Covid-19 avdelinga som vart etablert der i vår, er difor flytta. Utstyret er per no pakka ned og klart til å raskt settast opp igjen.

Covid-19 avdelinga vart ikkje tatt i bruk i vår, verken i vår kommune eller i kringliggande kommunar. No er helseinstitusjonane betre forberedt enn i vår, så sjansen for at det vert trong for ein lokal covid-19 avdeling er liten. Me er uansett forberedt til å sette denne raskt opp igjen.

 

KKL vil ha møter kvar fredag framover, og det vil bli lagt ut oppdatert informasjon innan kl. 16:00 same dag