Publisert av: May Britt Meland
11/12/2022 17:53
Refleks- og graut-tur med Barnas Turlag
Ca 30 små og store stilte med hovudlykter på Stølane godt kledde i det flotte vinterveret fredag 9. desember. Ruta som skulle gåast var litt vanskeleg i år sidan refleksane var rima og delvis dekka av snø. -Men det gjorde vel kanskje turen spesielt spennande og utfordrande!
Gjennom Gjersmyro gjorde månen sitt beste for å lysa opp vegen for oss, raud og full som han var. Alle kom heldigvis fram til bålpannene som lyste opp i mørke. Der blei det servert graut, saft og kaffi.
Takk til alle som blei med!
Alltid kjekt å sjå mange på tur sjølv om det er mørkt og kjølig.
Tekst og foto: Barnas Turlag Tysnes