Pussa opp smia

Publisert av: Vegard Aslaksen
8/7/2018 21:06

Uggdal bygdelag har lagt ned ca 500 dugnadstimar på å pussa opp den gamle smia og garasjen som ligg ved vegen vis a vis den gamle brannstasjonen i Uggdal

Nytt sutak er lagt på båe sider, byte av ein del bordkledning samt 2 strøk med maling. Resultatet er rett så fint. God dugnadsinnsats!

Foto; Uggdal Bygdelag