Punktum!
16/7/2013 15:52
Tett oppunder 23000 besøkjande har gjennom 5 magiske dagar på vakre Tysnes fått oppleva eit festivalprogram som har større variasjon enn noko tilsvarande arrangement!
Det er publikum som gjer festivalen – utan dei ville ikkje arbeidet bak hatt særleg verdi.
Like fullt skal det vera langt frå usagt at det arbeidet som ligg bak er ubeskriveleg verdifullt!
Ikkje utan meg – det har stått på brystet til alle friviljuge som på eine eller andre måten har vore med å bidra.
Dette er ikkje tomme ord. Det er eit kraftig signal på at kvar og ein som er med og skapar Tysnesfest betyr noko – og er viktig!
Takk! Det er berre å ta av hatten og takka!
Me skal heller ikkje gløyma dei som gjer ein fantastisk jobb med produksjonane! PA Produksjoner har i alle år vore vår leverandør av utstyr og tenester på lyd, lys og scene.
Dei strekker seg i alle tenkelege retningar for å gje oss det beste innanfor dei rammene me har. Dette set me umåteleg stor pris på! Det er godt å ha slike folk med seg, dyktige, løysingsorienterte med solid fagleg bakgrunn!
I tillegg er det på sin plass å takka dei som hjelper oss innanfor felta tryggleik, miljø, vakthald og helse.
ProSec, Politiet, Tysnes Rødekors, Kystvakten, og Brannvesenet og Ambulansetenesta er alle sentrale aktørar i å sikra at tryggingstenester vert ivaretekne. Når dei i tillegg er så hjelpsamme, fleksible og opptekne av å bidra – sikrar det eit korrekt og viktig fokus gjennom heile organisasjonen innan desse felta.
Tysnesfest er også avhengig av dei støttespelarane me har gjennom sponsorar og samarbeidspartnarar. Me er evig takksam for den bistanden dei yt, det er ei hjelp me er heilt avhengig av for å realisera mangfaldet i festivalen!
Avslutningsvis vil me takka alle artistar som på så mange ulike måtar har gjeve publikum det dei kom for å oppleva! Det er stort å gjesta så mange og ulike artistar i eit lite bygdesamfunn!
Med dette set Tysnesfest punktum for 2013, og ynskjer alle hjarteleg velkommen til nye magiske augneblikk i 2014!
Takk!
Tekst: Sigvard Madsen, Tysnesfest