Programmet til Tysnesfest 2012 er klart

Publisert av:
3/5/2012 06:41

Programmet for Tysnesfest 2012 inneheld 59 punkt som strekkjer seg over 5 dagar. Mykje kan seiast om dei forskjellige arrangementa, men me nøyer oss med å seie at ein festival med større breidde er vanskeleg å finne. Me har sett æra vår i at det skal finnast eit tilbod for alle mellom 0 og 100.

Følgjande artistar kjem til å opptre:
 Helene Bøksle, Radio Røynda, Veronica Maggio(S) Borgating improvisasjonsteater, Kim Larsen og Kjukken(DK), Stine Larsen, Bjørn Eidsvåg, Brighton, Kaizers Orchestra, Grandma`s Tea Party, Gabrielle, Cir.Cuz, Living`ringht Now, Pampistico, 3B, Mari Boine, Orbo and The Longshots, Aqua(DK) Earlybird Stringband, CC Cowboys, Big Men Blues Band, Marcus Krunegård,(S) Lidolido, Sophisticated Strings. Marit Larsen, Egil Olsen.

Følgjande show og aktivitetar kan opplevast:
Pelle Politibil, Tysnesfest GP2012, dagen derpå gudsteneste, stand-up/Humorgalla, babysong- gudsteneste, God Morgon Tysnesfest-frukostshow, fokus på nordlandsfarten, skjærgårdscruise, Haaheim Gard, «Snakk for Pokker» med Sylfest Lomheim, den elleville bussturen, eventyr på Solstråleøya, Galleriet på Breidablikk, helikopterturer, klassisk konsert, guida busstur, Bluescruise, Skip inn kino, champagnelunsj, stølsvandring, klovneshow, rockeseminar, veteranbåtar, paraglider, Bergen Sykkeltaxi, marknadsdag, motorsagshow og mykje, mykje meir.

Program og meir info på www.tysnesfest.no