Prisvinnar

Publisert av:
8/12/2009 09:17

Aase Høviskeland har innafor lags- og organisasjonslivet i Tysnes vore aktiv i mange år.

I grunngjevinga for frivilligprisen 2009 heiter det m.a. at ho har lagt ned eit stort barne- og ungdomsarbeid på ulike felt, ikkje minst i tilbodet “Ope hus” i Jensvoll bedehus. I kring ti år har “Ope hus” vore eit viktig og populært tiltak for born og unge i Tysnes.

Prisen vart delt ut måndag kveld under ein fest hos Laukhamar Fritid for frivillige i kommunen. Det er Sunnhordland som melder dette.