6 års samling og utdeling av 6 års boka

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/10/2021 11:47

I samband med utdeling av kyrkjebok til 6-åringar, ynskjer Tysneskyrkjelydane husets ”6-åring” velkomen til samling på Tysnes bedehus onsdag 20. oktober klokka 12.30 til 16.00

Me tenkjer borna kan ta den skulebussen som går frå Uggdal skule kl. 12.10, og frå Onarheim skule kl. 12.05, til Tysnes bedehus, så tar me imot dei der. Foreldra hentar dei i bedehuset ca kl. 16.00.

Me vil då ha samling for seksåringane kor me vil vere med å dele med borna våre litt av den kristne trua vår. På samlinga vil me bruke litt tid på noko av innhaldet i seksårsboka, det vil bli leik og sang, og borna får anledning til å verte kjende med kyrkja.
Når barna blei døypte lova me, foreldre, fadrar og kyrkjelyd å oppdra dei små i den kristne tru. Boka og samlinga er ein del av kyrkja sin trusopplæringsplan. Vi vonar at vi på denne måten kan gje dykk som foreldre eit bidrag i trusoppæring.

Matpause m/ hot dog og saft og frukt. Dersom barnet har allergier eller andre utfordringar vil me gjerne ha beskjed slik at me kan leggja det best mogleg til rettes.

Søndag 24. oktober kl. 11.00 er de velkommen til gudsteneste i Tysnes kyrkje der det vert utdeling av 6 års boka.
Kan de av ein eller annan grunn ikkje vera med på samlinga, er det likevel eit poeng å kome i kyrkja på søndagen og få 6 årsboka.

Me gleder oss og håpar 6 åringen har lyst å komma!

Leiar på samlinga vert mellom anna Reidun Skartveit, Anne Merete B. Dalland og Heidi Hollekim.

På melding til kyrkjekontoret 91303304 innan måndag 18.10.21
Heidi.Hollekim.kyrkjekontor@tysnes.kommune.no