Premieplukkarar frå Tysnes Hestesportslag
11/4/2011 11:49
Veldig kjekt at det stadig vert fleire som vert med på stevne med ponniane sine.
Våril Utne og Martine Siglevik Lunde var med i klassen 40 cm Clear Round 2. Her er det om å gjera å komma gjennom banen utan riv (ein har 2 forsøk). Begge tysnesjentene greidde det flott på fyrste forsøk, og fekk dermed sine fine, gule CR-rosettar. Sidan både Martine og Vårill ikkje er 13 år enno, fekk dei i tillegg ei rosa deltakarsløyfe, som takk for fin innsats J.
Så var det Kristi Sandvik Pedersen sin tur. Ho reid 60 cm Clear Round. Ho greidde også banen utan riv . (Gul rosett) Deretter starta ho 70 cm ”Feil og stil” . Her er det om å gjera å hoppa alle hinder med minst mogleg riv, samt å gje hesten gode ridevegar, ha fin flyt og vera i ballanse med hesten. Kristi kom gjennom banen feilfritt, fekk ein fjerdeplass og dermed grøn rosett.
Gunhild Marie Fauske var deretter med i 80cm. Her fekk ho ein 8.plass med ponnien sin Eleksir.
Så var det klart for den spanande 90cm klassen, der begge søstrene Fauske (Mathilde og Gunhild Marie) skulle vera med. Her gjekk det unna! I denne klassen vinn den som riv minst og er raskast gjennom banen. Mathilde vann klassen hårfint (raud, kvit og blå sløyfe). Storesøster Gunhild Marie var mindre enn 0,5 sek bak og fekk ein flott 2.plass(raud sløyfe).
Heilt til slutt skulle Mathilde ri 1m. Ho reid feilfritt i grunnomgangen og det var utruleg spanande då Mathile og Basic kom mot siste hinder i høg fart og me alle saman trudde dei kom til å vinna denne klassen også. MEN…. På siste hinder nøler Basic,- bråstoppar, og Mathilde flyg av i eit luftig svev. Ikkje sport for pyser dette, nei!! Mathilde er raskt på beina, heilt utan ei skramme, og er super-klar for neste stevne som skal vera i Rosendal i helga som kjem!