Arkivfoto, Solheimsdalen

Kom deg ut dagen

Publisert av: May Britt Meland
20/1/2018 19:36

Søndag 21. januar vert det arrangement i Solheimsdalen.

To gongar i året vert “Kom deg ut dagen” arrangert av Den Norske Turistforening sine medlemforeningar. Målet er å gje folk ein smakebit av friluftslivet, og forhåpentligvis ein smakebit som gjev meirsmak!

21. januar 2018 fyller DNT 150 år, og foreninga markerer dette med arrangement over heile landet.

– Vårt ønske for jubileumsåret er at enda flere vil bidra til å skape gode opplevelser i den fantastiske naturen vi har rundt oss, enten som medlem, deltakere på våre arrangementer, frivillig eller rett og slett ved å bidra til å holde naturen slik vi ønsker den: ren og vakker, sier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas på DNT sine sider.

Onarheim IL markerer dagen i Solheimsdalen

På Tysnes har ein ikkje ei medlemsforening, så då er det opp til kvar og ein å markera dagen og organisere sin eigen “kom deg ut dag”.

I år har Onarheim IL preppa løyper i Solheimsdalen, og melder om gode forhold.

– På søndag skal me fyra i bålpanna, servera varm kaffi, buljong, pølser og frukt så langt lageret rekk, seier Magne Storesætre i ein artikkel i Bladet Tysnes.

Det vert servering ved skianlegget ved Løkjen mellom klokka 12 og 14.

Det er meldt strålande vèr, så finn fram tur-kle, og nyt dagen!