Populære saker i 2018
6/1/2019 11:22
2018 var eit merkeår for Tysnesingen.no.
Det hadde lenge vore klart at det var nødvendig med ei fornying av sida. I mars var det kickoff for den nye nettsida til Tysnesingen.no. Sida er no tilpassa både nettbrett og mobil, og ein har fått ei ryddig og oversikteleg side.
Alle våre annonsørar er samla under ei eiga fane og har fått eigne sider, slik at du som lesar lett kan finne informasjon og kontaktinfo.
Tysnesingen er ei side av og for dei som er interessert i det som skjer på Tysnes. For dei som har saker dei ynskjer å senda inn, er dette no enkelt via kontaktsida.
Etter ein gjennomgang av statistikken for 2018, er det klart at lesarane likar variert og lokalt stoff.
Aprilspøken slo an, og vart den mest leste saka i 2018.
Anders Dalland frå Garden på Dalland, var med på spøken og stilte villig opp for å fortelje om “dei frekke tjuvane som stal rundballar”.
Om du har lyst å lese saka ein gong til finn du den her.
På andreplass kom saka om lanseringsfesten for Podtown.
Gründer Eirik Kalve kunne stolt presentere det moderne overnattingstilbodet under fjorårets Tysnesfest.
Tredje plass blant mest lesne saker i 2018 vart “Det ble gull til Pernilla”
Pernilla Epland slo til, og vann gull på 10 000 m under fjorårets NM på Byrkjelo.
Når ein ny utestad vert opna, er det stor stas.
Det vart «Fullt hus på Kompasset» då den aller fyrste konserten vart arrangert i mai.
Denne saka kom på 4. plass.
På 5. plass blant mest lesne saker var saka om brannen på Tysnes skule siste dagen under Tysnesfest.
Fleire saker som var populære:
Saka om at Bok og Fritid etter mange år flytta inn i nye lokale.
Om den musikkinteresserte familien som kjørte til Oslo for å få med seg “Stjernekamp“.
Dei flotte bildeta tekne på Blåbærhaugen av Princess treffet på Onarhamn.
Glimt frå det som skjer på Tysnesfest og konsertane er alltid populær lesing!