Det var litt skummelt, men mest spennande å sjå Kjell Musland i aksjon! Foto: Privat

Fasinerande handtverk

Publisert av: May Britt Meland
26/7/2020 12:20

Laurdag 25. juli var det duka for ei litt spesiell framsyning ved Nisjekroken. Den utruleg flinke Kjell Musland hadde då teke med seg motorsagene sine. For eit spent publikum viste han korleis han ut av ein heilt vanleg trestamme trylla fram eit ekorn!

Her ser du han i aksjon:

 

Eit ekorn blir til…

 

Kjell Musland er ein allsidig trekunstnar han lagar alt frå skulpturar og spikka figurar til drikkekar og ølhøner.

I tillegg til dette held han kurs i trespikking.

Det er fasinerande å sjå kroleis han greier å få fram personlegheit og lynne i kvar enkelt figur! -Ofte med eit litt humoristisk preg.

 

Kjell Musland med eit lite utval av trefigurar.