Pol på Tysnes

Publisert av:
12/11/2015 20:04

Han seier til Tysnesingen.no at dette er noko han og næringsrådet saman med kommunen har jobba for i lengre tid.

Dette er ein veldig viktig og gledeleg nyheit for næringslivet på Tysnes. Truleg kan etableringa vere med å stoppe ein del av handelslekkasjen til kommunane rundt oss, seier Erstad.

Polet på Tysnes vert eit såkalla «kategori 1- pol» Dette er mindre pol tilpassa kundegrunnlaget i mindre kommunar.

Vi ønsker å åpne en god miks av små, mellomstore og store butikker neste år. Flere kommer i distriktskommuner, og vil ytterligere bedre tilgjengeligheten til Vinmonopolet i distriktene, sier administrerende direktør Kai G. Henriksen i Vinmonopolet.

Utanom Tysnes er det tre andre kommunar som no får sitt fyrste pol: Steigen, Smøla og Vik. Ved utgangen av 2016 vil det vere 324 pol i Norge.