Forelder og ønskjer eit pusterom?

Publisert av: Martha Nygård Lande
21/4/2022 12:08

Helsestasjonen og psykisk helse inviterer til Foreldrepausen.

Dette er meint som eit pusterom for deg som forelder, og er eit uformelt treff kor ein kan møte andre vaksne over ein kopp kaffi.

Kven

Vi inviterer spesielt dykk som har vore råka av korona nedstenging, med barn som er født i 2020 og første halvdel i 2021.
I vekene framover vert det ulike aktuelle temakveldar med bla. Helsesjukepleiar, fysioterapeut, psykolog, familieterapeut.

Fyrstkomande måndag, 25. april, kjem fysioterapeut som skal snakke om opptrening etter fødsel.  Om ein ikkje ynskjer å delta på temasamtalen, er ein likevel velkommen.

Vi har stort lokale på Treffstaden i Våge, 2. etg på “Triangelen”.

Psykisk helse har oppretta ein instagramprofil som det vil bli lagt ut informasjon angåande ulike tilbod: @Tysnespsykiskhelse2022