Pax Uggdal

Publisert av:
10/8/2009 10:59

Ikea har i desse dagar sendt ut den nyaste katalogen sin. Av nyhenda finn me noko som vel må bli eit ‘must’ for alle uggdalitarane!?

Det nyaste innafor garderobskap har fått eit lokalt namn frå Tysnes – nemleg Pax Uggdal. Det er ein skyvedørsgarderobe i herda glas, aluminium og foliert overflate med typen eikemønster/grå. Når Ikea-katalogen dumpar ned i postkassa di, får du bla opp på side 171 og ta ein nærare kikk!

Utflytta tysnesing, Dag Ove Malkenes, jobbar ved sengeavdelinga på Ikea, og vil sikkert kunna bistå med ytterlegare opplysningar om garderobeskapet dersom du svingar innom Ikea i Åsane.