Tidlegrøysting

Publisert av: May Britt Meland
3/7/2019 10:11

Tidlegrøysting er eit tilbod for å sikra at alle veljarar som ønskjer det, skal få avgje røyst. I Tysnes kommune kan du henvenda deg i resepsjonen i opningstida kl 09.00 – 15.00 for å gjera avtale om tidlegrøysing.

Du kan også ringja eller skriva e-post.

Ved tidlegrøysting er det berre mogeleg å røysta på parti, ikkje på person.

Hugs at kvar veljar berre kan røyste ein gong. Dersom du vil røyste både ved kommunevalet og fylkesvalet, må du altså gjere det samstundes. Alle veljarar må ha med gyldig legitimasjon med fødselsnummer.

Godt val!