I slutten av september hadde Princess Yachtklubb Vest hausttreff i gjestehamna i Våge. Foto: Våge Hamn.

E-bryggja skapte meir og god aktivitet

Publisert av: May Britt Meland
5/12/2019 16:43

Gjestehamna i Våge er populær for båtfolket. Fleire nye investeringar dei seinaste åra har vore vellukka og har betra både kvalitet og tilbod.

Båt- og turistsesongen 2019 er for lengst over. Oppsummeringa for sesongen i år syner at talet på gjestedøger var på til saman 2831. Det er vesentleg høgare enn i fjor då det vart registrert 2165 gjestedøger.

-E-bryggja, den nye tilveksten i gjestehamna som vart teken i bruk i juni, har vorte ein stor suksess og har medverka til ein god sesong for hamna. Under det flotte fjordabåttreffet var det svært mange som møtte fram og fekk med seg ei minnerik oppleving. Kring 1500 personar var til stades, fortel Patrick Russell Madsen. Han er dagleg leiar ved Mandelhuset i Våge, som står for drifta av gjestehamna og turistinformasjonen.

Aukande konkurranse

Det er Våge Hamn AS som eig hamna og flytenaustet, der turistinformasjonen held til. I år er det ti år sidan Våge Hamn AS vart stifta. Kjell Brekke er styreleiar. Hamna har kaiplass til kring 150 båtar. Mandelhuset byrja å leiga og driva hamna og turistinformasjonen i 2016.

-Det er utfordrande, men samstundes spennande og inspirerande å driva og utvikla ei slik gjestehamn. Båtfolket og turistane ynskjer gode tilbod og at kvalitet og service er på plass. Dette er alltid noko me må gjera på best mogeleg måte. Fleire båthamner kjem stadig til og aukar konkurransen. Eit nytt servicebygg med betre plassering i hamna er på planprogrammet for neste sesong, fortel Russell Madsen og legg til at Barmsund Styrehusbibliotek på kaiområdet er noko båtfolk og turistar set pris på og brukar flittig.

.-Det er utfordrande, men samstundes inspirerande og spennande å driva og utvikla ei gjestehamn, seier Patrick Russel Madsen. Foto: Hans Ole Dalland.

 

Tysnesfest viktig

I turistinformasjonen i flytenaustet, der det også er ei utstilling om jåttseglarane frå Tysnes som markerte seg sterkt i amerikansk seglsport, vart det registrert 6016 personar i sommar (5572 i 2018). Utanom Noreg var i alt 30 nasjonar representerte på denne lista.

Hovudmengda av gjestedøger og mange båtgjester er knytt til Tysnesfest. Slik har det vore i alle åra denne populære og attraktive festivalen har eksistert. Som for mykje anna under Tysnesfest er det eit yrande liv med svært mange og varierte aktivitetar i gjestehamna. I år var nok den store E-bryggja eit viktig tilskot i den samanhengen. Det vart registrert kring 1400 gjestedøger under Tysnesfest (ca. 1100 i 2018). Elles er ulike båtforeiningar ei viktig gruppe. I år stod dei for 280 gjestedøger.

Barmsund Styrehusbibliotek vart teke i bruk i gjestehamna i mai 2018. Styrehuset er frå skøyta «Barmsund» (sjøsett i 1911). I fleire år var styrehuset kaffibar i Oslo. Foto: Hans Ole Dalland.

Tekst/bilete: Hans Ole Dalland