Påskequiz del 5
22/4/2019 09:00
Det er andre påskedag og her kjem siste del av påskequizen. Dei siste fire spørsmål kjem her. Fyll inn på rett plass i kryssordet for å få siste del av løysingsordet.
Spørsmål 7: The Prodigy var hovedbandet som vitja Tysnesfest i fjor. Kva heitte låt nummer 2. på det første albumet deira?
Spørsmål 8: Sidan 1961 har ei verksemd på Tysnes gjort stor suksess med å produsere industriportar. Kva heiter dette firmaet?
Spørsmål 9: Ei jente frå Tysnes har det siste året utmerka seg med fleire gode resultat innan friidrett. Kva heiter ho?
Spørsmål 10: Kva heiter jenta frå Tysnes som har vunnet fleire konkurransar innan styrkeløft både innanlands og utanlands?
Ps: Det hadde sneke seg inn ein liten feil i kryssordet på spørsmål nummer 3 i del 1 av påskequizen. Dette er no retta opp slik at ein får plass til bokstavane i svaret til spørsmål tre. Me beklagar dette.
Har du løysingsordet? Hugs å send inn på post@tysnesingen.no før kl 2100. I morgon trekkjer me ein vinnar av hovudpremien.