Påskehøgtida i kyrkjene på Tysnes

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/3/2021 14:02

Alle gudstenestene i kyrkjene på Tysnes er avlyste som ein følge av strengere smittevern.

Regjeringa har lagt fram endringar i anbefalingar og regelverk for nasjonalt tiltaksnivå, som gjeld frå midnatt, natt til torsdag 25. mars og fram til 12. april.

Viktigast av desse endringane er at regjeringa anbefalar at alle arrangementer vert avlyst, eller vert avvikla med maks 20 deltakarar innandørs, eller 50 deltakarar utandørs.

Det er tillatt å gjennomføra gravferder med inntil 50 deltakarar.

Dei nye nasjonale tiltaka påverkar ikkje barne- og ungdomsarbeidet.

Det er også innført anbefaling om å halda to meter avstand til andre, og munnbind skal brukast på stader ein eventuelt ikkje greier å overhalde dette.

Det vert open kyrkje Langfredag og 1. påskedag:

Uggdal kyrkje vert open Langfredag 2. april kl.12-13 for lystenning, musikk og bøn

Tysnes kyrkje vert open 1. påskedag 4. april kl.12-13 for lystenning, musikk og bøn.