Listetoppene - Frå v: Mange Skartveit (Krf), Arne Leite (Sp), Anne Merete Fjeldstad (Ap), Kåre Martin Kleppe (H) og Magnar Solheim (Frp). Bilete er frå debatten på Mandelhuset sist fredag, 30. august.

Partidebatt i Grendatun

Publisert av: Martha Nygård Lande
3/9/2019 15:00

På torsdag, 5. september kl 19.00, inviterer lokalpartia på Tysnes til debatt i Grendatun.

Dei skal ta for seg 3 emner:

  • Infrastruktur, korleis betra infrastrukturen i kommunren
  • Areal, næringsutvikling og arbeidsplassar
  • Klima og miljø

Til å leia debatten, har dei henta inn hyttebuar og Tysnespatriot, Christian Nome Lepsøe.

Foto: Bergens Tidende

 

Han seier til Tysnesingen at han vil utfordre dei tre ordførarkandidatane på kva som er forskjellen på dei, og på kva måte samfunnet vil merka den eventuelle forskjellen, avhengig av kven som styrer.

Det blir mulighet for publikum å koma med spørsmål, og Nome Lepsøe håpar på mange gode innspel frå salen. Dette er jo innbyggarane sin store sjanse til å få svar på det dei lurer på, seier han.

Denne kvelden stiller partia med 2 kandidatar kvar, og kanskje kan det medvirke til meir debatt, og få fram fleire nyansar.