På treningsleir i Sør Afrika

Publisert av: Martha Nygård Lande
27/1/2020 17:47
Pernilla Epland har no i januar tilbrakt tre veker i den velse byen Dullstroom i Sør-Afrika, der ho har vore på treningsleir for å forbereda seg på ny løpesesong. Dullstroom ligg 2000 moh og her drar mange skandinaviske utøvarar på høgdetrening.
Trening, mat, restitusjon, mat, trening, mat, søvn er dagsrytmen på treningsleir. Ikkje særleg spennande, men heilt topp for meg, seier Pernilla. Treninga har fungert bra, og eg har fått gjort det eg skulle.
Pernilla synes og at været har vore stort sett bra der, med temperaturer mellom 15-25 grader. Heilt supert i forhold til det som har vore heime, seier ho.
Pernilla sitt store mål for sesongen er å kvalifisera seg til Europameisterskapet (EM) som blir arrangert i Paris i slutten av august. Ho vil då gå for ein distanse mellom 5000 – halvmaraton. Sesongens første løp blir halvmaraton i Barcelona 16. februar.
Eg gler meg til å konkurrera igjen, seier Pernilla, og er spent på korleis formen er så tidleg som i februar.
Bileta er tatt av Raymond Ebbesvik.