Publisert av: Martha Nygård Lande
27/1/2020 17:47
På treningsleir i Sør Afrika
Pernilla Epland har no i januar tilbrakt tre veker i den velse byen Dullstroom i Sør-Afrika, der ho har vore på treningsleir for å forbereda seg på ny løpesesong. Dullstroom ligg 2000 moh og her drar mange skandinaviske utøvarar på høgdetrening.
–
Trening, mat, restitusjon, mat, trening, mat, søvn er dagsrytmen på treningsleir. Ikkje særleg spennande, men heilt topp for meg, seier Pernilla. Treninga har fungert bra, og eg har fått gjort det eg skulle.
–
Pernilla synes og at været har vore stort sett bra der, med temperaturer mellom 15-25 grader. Heilt supert i forhold til det som har vore heime, seier ho.
Pernilla sitt store mål for sesongen er å kvalifisera seg til Europameisterskapet (EM) som blir arrangert i Paris i slutten av august. Ho vil då gå for ein distanse mellom 5000 – halvmaraton. Sesongens første løp blir halvmaraton i Barcelona 16. februar.
–
Eg gler meg til å konkurrera igjen, seier Pernilla, og er spent på korleis formen er så tidleg som i februar.
–
Bileta er tatt av Raymond Ebbesvik.