Publisert av:
10/2/2012 18:12
På P4 igjen
Johan Golden og Atle Antonsen har atter ein gong komt i stemning og fått seg ein god latter av ei nyhendesak her på tysnesingen.no.
Denne gongen er det saka om slipsknytinga som vart lese opp på P4 programmet “Misjonen”, der utflytta tysnesing må gje eksperthjelp på slipsknyting til TV2 nyhendeanker Sturla Dyregrov.
Golden las på nynorsk og Antonsen humra i bakgrunnen over denne lokale nyhenda frå Tysnesingen. “Misjonen” høyrer du på P4 kvar fredag mellom kl 10 – 12.
Du kan høyra innslaget her – går fram til ca 33.35.
Dei har også lagt ut saka på Facebook, les her >>>