Illustrasjonsbilete

Oppmoding om begrensa vassforbruk for vassabonnentar i Uggdal og Våge

Publisert av: Martha Nygård Lande
5/6/2021 09:03

Tysnes kommune oppmodar om å begrensa vassforbruket til berre naudsynte føremål.

Det har vore ein lengre tørkeperiode, og denne vil fortsette ei stund til. Ein ser samstundes at nivået minkar i vasskjeldene og ein lyt derfor ikkje nytta unødvendig vatn, til dømes til hagevatning, bilvask og påfylling av basseng.

Det vil bli gjort ei ny vurdering torsdag 10.06 om ein skal fortsette oppmodinga.