Stor stas å kome på besøk og få kose med det vesle kjeet! Foto: L. Rijpkema

Gledelig avslutning på 2018

Publisert av: May Britt Meland
2/1/2019 22:22

Vetle-nyttårsafta vart ikkje heilt som planlagt i floren på Tveit. Lucianne Rijpkema, kanskje bedre kjendt som Tveitakjerringa, fekk seg ei hyggeleg, og ganske uventa overrasking. Eit nydeleg lite kje såg nemleg dagens lys 30. desember.

Etter planen er det kjeing i midten av mars på garden. Då vert det travle dagar med melking og osteproduksjon for salg mellom anna i gardsbutikken. No på denne tida av året er gardsbutikken stengd, men i midten av april opnar den att og då er det mogleg å sikre seg ein gobit og to…

Denne geita som sjølv vart fødd i 2018, har lurt seg til ute på beite i sommar. Det var fyrst dei siste vekene ein kunne sjå tegn til at ho var drektig.

Lucianne skryt av den nybakte mora. -Ho er ei god og flink mor som tek seg svært godt av den nyfødde.

Foto: L. Rijpkema

 

Foto: L. Rijpkema