Oppdatert Koronainformasjon

Publisert av: May Britt Meland
25/1/2021 18:34

Oppdatert informasjon gjeldande frå 20. januar frå Bjørgvin bispedøme om tiltak for å verna folk mot Korona-smitte.

Det er opna for barne- og ungdomsarbeid for dei som er under 20 år.

Kyrkjelydane kan vidare ha gudstenester eller open kyrkje, men berre med 10 deltakarar om gongen inne i kyrkja.

Difor blir det påmelding til alle Gudstenester framover til kyrkjekontoret på mobilnr.  481 23 170 / 481 23 310.

Gravferd har framleis ei grense på inntil 50 deltakarar.

Ved dåp og vigsel er det 10 deltakarar.

 

Me vil med dette at de skal veta at kyrkjelydane på Tysnes ikkje er stengt. 

 

Ein kan ta kontakt med dei tilsette på Kyrkjekontoret på telefon eller e-post: kyrkjekontor@tysnes.kommune.no