Publisert av:
7/12/2008 16:14
“Open Dag” i hallen
Målet med “Open Dag” var å samla lag og organisasjonar på ein plass, og gje dei høve til å presentera seg sjølve for folk.
Her var alt frå Tysnes bedehus, Uren Luren 4H, Fiskeklubben, Njardar, Tysnes karateklubb, Tysnes seniordans og mange, mange fleir.
Kontakten deler kvart år ut Friviljugprisen. I år vart den delt ut til Vidar Kaldefoss, som i ei årrekkje har vore leiar for karateinteresserte på Tysnes. Kvar fredag og laurdag året gjennom har Kaldefoss unge og gamle på trening i gymsalen på Reiso. Alle desse timane han har stillt opp på fritida si vart i dag æra gjennom Friviljugprisen 2008.