Foto: Tommy Pierre Gundersen

Omvisning på Tysnes Omsorgssenter

Publisert av: May Britt Meland
16/2/2018 10:28

Moderne og trygge omgivelsar både for bebuarane og dei tilsette.

Tekst: Dagfinn Sandvik

Tysnesingen vart med Einingsleiar Helga Boland på omvisning ved det nye flotte omsorgssenteret i Uggdal. Helga stod klar til å ta imot oss då me kom, og saman tok me oss ein rundtur i dei store areala på det enorme bygget som me i Tysnes Kommune har vore så heldig å få tildelt.

Mykje er nytt for bebuarane

Lokala er lyse og trivelige, her er det ikkje spart på noko når det gjeld avansert teknologi, alt er vorte mykje meir automatisert. Til dømes har nokon av dei i alt tredve romma fått montert elektriske persiennar i dei store vindaugane. Kvart rom har eit nettbrett kor helsepersonell kan logge seg på, og dermed få opp alle data dei treng om pasienten.

Romma har store bad som er designa av fabrikaten «Bano Bad», eit design som gjer at bebuarane skal kunne vere mest mogleg sjølvhjulpne. Vert det behov for assistanse, fungerar dette på ein mykje betre og meir effektiv måte enn tidligare. For å nemne nokre av badets elektriske «finessar», vil me trekkje fram toalettet og vasken sin heve-/senkefunksjon. Ein annan ting som gjer det lettare for helsepersonell å hjelpe pasientane, er takheisen. Den er montert på ei skinne i taket, og vert styrt med fjernkontroll. Då vert det mogleg å fyrst løfte pasienten opp av senga, og vidare skyve personen inn på badet, anten til dusj eller toalett.


Foto: Tommy Pierre Gundersen

Alle romma har flatskjerm TV-apparat hengande på veggen. Det er også bord og stolar, slik at man kan få ein slags følelse av å vere heime ved å bu der.

Eit storkjøken i toppklasse

På den vidare rundturen, vert neste stopp kjøkenet. Her vert me også veldig imponert. Store, lyse og flotte lokalar med topp moderne utstyr. Kjøkensjef Jorunn Opdal og dei andre trivelige damene som jobbar der, kan på ein stolt måte forklare oss om korleis maten vert tilbereda. Måltidsrutinane er endra. Dette for at bebuarane skal få betre ernæring. Før måtte ein ete måltida etter eit bestemt klokkeslett, no kan ein til dømes få hovedmåltida seinare på dagen. Moderne maskinar som vakumpakkar maten, gjer dette mogleg. Ein spesialovn som varmar opp att kald mat, resulterer i at maten kjennes fersk, og nylaga ut.

Kjøkensjef Jorunn Opdal.
Foto: Tommy Pierre Gundersen


Torill Henanger viser oss korleis ho vakumpakkar maten med denne maskina.
Foto: Tommy Pierre Gundersen


Vognovnen som brukast til å varme opp maten.
Foto: Tommy Pierre Gundersen


Topp moderne komfyr og steikepanne, spesiallaga for storkjøken.
Foto: Tommy Pierre Gundersen


Foto: Tommy Pierre Gundersen


Her vert maten forsegla, og vidare plassert inne på eit av kjøleromma.
Foto: Tommy Pierre Gundersen

Strenge krav når det gjeld hygiene

Det nye store bygget, som er veldig opptatt av hygiene, treng mykje reinhald. Med moderne reinhaldsmaskinar lar dette seg gjennomføre. Skittentøyet vert kasta ned i eit hol, og på ein lettvint måte plassert i vogner på kjølerom, kor det vidare vert transportert til vaskeriet.


På dette biletet kan ein få eit lite innblikk i korleis dei moderne reinhaldsmaskinane ser ut.
Foto: Tommy Pierre Gundersen

“Storståvo”, byggets største rom, og tilrettelagt for diverse arrangement

Neste stopp under omvisninga, er fellesromma. Eit av dei er den kjempefine matsalen med fantastisk utsikt over det vakre Kyrkjevatnet. Deretter vandrar me inn i det ein kallar for «Storståvo». Her kan ein ha samlingar og selskap ved høgtider, eller andre anledningar. Det er også mogeleg å ha konsertar her, og att på til går det ann å sjå film via framvisaren i taket, omtrent som på ein kino.


Foto: Tommy Pierre Gundersen


Storståvo, eit flott lokale med både fine møblar og eit piano ståande til disposisjon.
Foto: Tommy Pierre Gundersen


Foto: Tommy Pierre Gundersen

Er godt forberett ved straumbrot

Når det gjeld naudstraum, er Tysnes Omsorgssenter utstyrt med eit stort aggregat som vil klare å forsyne senteret med straum i fleire dagar, ved eit eventuelt straumbrot og krisesituasjon. Dette er ein stor forbetring samanlikna med forholda ved den gamle sjukeheimen.


Her er det store straumaggregatet, plassert i kjellaren i det nye omsorgssenteret. Ein betryggelse for bebuarane.
Foto: Tommy Pierre Gundersen

Ein følelse av friheit

Rundturen i dei flotte og trivelige lokala vert avslutta med ein luftetur ute i dei to friluftsområda. Den største uteplassen vert kalla «Sansehagen», og er eit innelukka område i idylliske omgivelsar. Her kan bebuarane bevega seg fritt, og om sumaren vere med på arrangement med grilling og kos.


Sansehagen, eit flott tilbod for dei som vil ut ein tur å lufte seg i den vakre naturen.
Foto: Tommy Pierre Gundersen