Njardar J12 kjempa tappert på Halsnøy

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/6/2019 20:00

Onsdag reiste Njardar J12 til Halsnøy for å spele vårsesongens siste kamp. Jentene opna kampen sterkt, men Halsnøy klarte å halde presset oppe og var vanskelige å komme rundt. Eit lite øyeblikk med lite konsentrasjon førte til at Halsnøy kom opp i 2-0 leiing i første omgang. Plutseleg rett før pause våkna Ronja Sløgedal og fyrte av ei kanon frå midtbanen som gjekk rett forbi keeper og i mål. Dermed gjekk me til pause på stillinga 2-1.


I andre omgang starta jentene friskt, og hadde masse bra spel framover. Det gjekk ikkje lang tid før Emma Sofie Nesse Torgersen runda heile forsvaret til Halsnøy og la ballen fint nede i høgre hjørne, og utligna til 2-2. Jentene hadde god kontroll og Halsnøy fekk ingen sjansar. Halsnøy visste derimot å bruka sjansane sine godt. På den første og einaste sjansen dei fekk i andre omgang klarte dei å øke til 3-2, som og blei sluttresultatet.

Njardar J12 kan uansett vere stolte etter å ha spelt ein veldig bra kamp!

Tekst og bilder: Gard Erik Erstad