Odd Nordstoga kjem tilbake til Tysnesfest 2026

Publisert av: May Britt Meland
8/1/2026 14:17

Det er alltid litt ekstra stas å kunne ønskje nokon velkommen tilbake – og denne gongen er det ein me veit publikum set ekstra pris på. Odd Nordstoga er klar for Tysnesfest 2026, og me gler oss stort til å få han på besøk igjen.

Odd har spela hos oss før, og kvar gong er det den same gode stemninga: smil i publikum, allsang som sit laust, latter mellom låtane – og ei kjensle av at dette berre er skikkeleg fint å vere med på. Han er ein artist som treff folk, rett og slett, enten han syng om kvardagen, naturen, lengten etter sommaren – eller om grisen som står og hyler.

Konsertane til Odd Nordstoga har ein heilt eigen evne til å bli både lune, livlege og inkluderande på same tid. Han får folk til å danse, sjølv om dei ikkje kan det, og til å synge med, for full hals. Det er musikk som passar like godt til fest som til stille augneblinkar, og som kjennest ekte uansett setting.

Sitat Festivalsjef Øystein Vaage:
«Dette er musikk som treff både hjarta og smilebanda. Odd har ein heilt eigen måte å samle folk på – og det er akkurat den følelsen me vil ha på festivalen. »

Odd Nordstoga blir ein del av eit stadig meir variert og stemningsfullt program for Tysnesfest 2026, og fleire artistslepp kjem fortløpande.