Illustrasjonsbilete

Digitalt valkort

Publisert av: Martha Nygård Lande
5/8/2021 13:42

Denne veka sender Valdirektoratet ut 3,5 millionar digitale valkort

Mandag 13. september er det stortingsvalg. Frå den 10. august er det mogleg å førehandsrøyste til årets stortingsval i alle kommunane i landet. På sjølve valdagen må ein røyste i kommunen der ein er folkeregistrert.

Å få valkortet er først og fremst ei stadfesting på at du har røysterett ved årets stortingsval, men er ikkje nødevndige for å røyste.

 

 

Digitale valkort kan brukast direkte på mobiletelefonen, det er ikkje nødvendige å skrive dei ut. Det er heller ikkje nødvendig å vise valkortet når du skal røyste, men det gjer sjølve røystegjevinga enklare og raskare. Du må ha med legitimasjon med fullt namn, bilete og fødselsdato.

Alle som får valkort digitalt, blir varsla om dette med en SMS. Dei som brukar Digipost eller E-boks, finn valkortet sitt der. Dei som ikkje har ein digital postkasse, får tilgang til valkortet via valg.no eller på Altinn.

Har du reservert seg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller har du ikkje oppdatert eller stadfesta kontaktinformasjonen i registeret dei siste 18 månadene, får du fortsatt valkort tilsendt på papir.

Les meir om digitale valkort på valg.no