Bilete henta frå Norsk brannvernforening

OBS! Auka lyng- og skogbrannfare!

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/4/2019 15:35

Auka brannfare!

Det går mot ei påskehelg med mykje fint vær. Det fører til at skogbrannfaren aukar. Tysnes
brann og redning oppfordrar alle til utvise varsomhet med bålbrenning og andre aktivitetar
som kan medføre brann.
I Norge må alle vise aktsemd og opptre på ein slik måte at det ikkje oppstår brann. Dette gjeld
alle, heile tida og over alt. I tillegg har vi eit generelt bålforbod frå 15. april til 15. september.
Då er det forbode å tenne opp bål og grille i eller i nærleiken av skog og anna utmark.
Du kan framleis grille eller brenne hageavfall i din eigen hage eller grille på eigna stader på
innmark eller i strandkanten.
Det er tillete å gjere opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann, men all bålbrenning
utførast på eige ansvar. Er du i tvil er det betre å stå over bålbrenninga.
Tysnes brann og redning ønskjer alle ei strålande påske.