Foto: Hans Tore Brekke

Nyttårskonserten i Kulturkyrkja på Onarheim

Publisert av: May Britt Meland
8/1/2023 20:00

Heldige var me som fekk oppleva nyttårskonserten i Kulturkyrkja på Onarheim!

Det var et fyrverkeri av ein konsert, som starta med Rune Alver sine fabelaktige fingre på tangentane. Kjempeviseslåtten blei på mange måtar eit høgdepunkt med all sin kraft og vitalitet, og aktualitet som Rune Alver fletta godt inn i programmet. Rune er ein pianist av stort format og publikum visste å setja pris på framføringane hans! Han akkompagnerte også Lise Skjåk Dalen i songar som gjekk både høgt og vakkert og sette den rette stemninga for ein nyttårskonsert.

Deretter var det Endre Hodneland med søner i aksjon, og dei leverer på eit stadig høgare nivå! I spennande arrangement med Maren Leite og Marianne Tvedt fekk publikum høyra både kjente og ukjente songar, i nye innpakningar. Monica Hoff Utne var siste songar ut, med sjølvkomponerte melodiar og stemningsfulle tonar. Det blir noko eksotisk og mystisk vakkert over måten songane hennar blir framførte på, og publikum lot seg riva med.

Det nye flygelet, ein av Yamaha sine toppmodellar, kom verkeleg til sin rett i kyrkja med den gode akustikken. Dette lovar godt for framtidige konsertopplevingar i Kulturkyrkja!

Heile 142 personar fann vegen til konserten denne regnfulle laurdags ettermiddagen. Etter den ståande applausen å døma var det ingen som angra på at dei tok turen!

 

Tekst og foto: Hans Tore Brekke