Nytt frå Tysnes Breiband

Publisert av:
20/6/2011 07:01

Discovery i boks
Altibox og Discovery har inngått ny avtale og utvidar samarbeidet. Discovery Channel, Animal Planet og TLC er tilbake i Altibox basispakke, og i  tillegg kjem Discovery Channel HD og Animal Planet HD inn i pakken om kort tid.

Varsel om driftsavbrot natt til tysdag 21. juni
Oppgraderingsarbeid hos leverandør av fibersignal fram til Tysnes medfører diverre brot i tenestene frå Tysnes Breiband natt til 21. juni. Det vil vere arbeidet på sambandet frå kl 00:01 – 06:00, og ein reknar med avbrot i perioden på inntil 15min.

Åtvaring mot svindel
På Tysnes har fleire haugnett-epostar vore utsett for forsøk på nettsvindel i det siste. Dette er såkalla “phishing” der aktørar med uærlege hensikter fiskar etter informasjon for å kunne logge inn på eposten din, så meir hos www.tysnes-breiband.no