Nystarta bowlingklubb
19/10/2015 10:52
Ni personar møtte fram då bowlingklubben i Tysnes vart skipa tysdag 13. oktober.
Føremålet med klubben er at medlemmene kan koma saman på klubbkveldar, og gjerne delta i turneringar utanfor kommunen. Klubben tek også ansvar for å drifta bowlingrommet i Tysneshallen.
Gjennom å betala kontingent på kr. 300,- i året vert ein medlem i klubben. Klubbkveldane er tysdag i partalsveker frå kl 18.30. På klubbkveldane bowlar medlemmene gratis, og på vanlege dagar til redusert pris.
Alle interesserte er velkomne til å verta medlem i bowlingklubben!
-Du treng absolutt ikkje vera ein kløpper til å bowla for å kunna vera med.
Etter kvart vil me også prøva med ekstern instruksjon.
Desse vart valde til styret:
Atle Andersland, Josten Mehl, Helge Hauge, Vilhelms Staskevics og Dainis Kalvans. Styret konstituerer seg sjølv.
Du er hjarteleg velkomen til den neste klubbkvelden
tysdag 27. oktober kl. 1830!
Tekst: Helge Hauge