Publisert av: May Britt Meland
9/5/2023 12:52
Nye vertar på Årbakka
Lise Kvinnsland og Sabine Koch er dei nye vertane på Årbakka Handelstad. Dei gler seg stort til opningshelga som er 20. og 21. mai, med marknad på laurdagen.
I sjøbua og krambua blir det utstilling av 35 kunstnarar! Her kan ein finne både billedkunst, grafikk, maleri, strikk, snikkarkunst, keramikk, glas, feller, kort, smykke, koppar og mykje meir.
Handelstaden vil halde ope laurdagar og søndagar frå kl. 12 til kl. 16. Ekstraopning for grupper på forespørsel.
-Me har mange kunstnarar med oss i år, både kjente og ukjente, gamle og nye. Og i Krambua serverer me sjølvsagt Årbakkavaflar, kaffe og is til besøkjande.
Lise og Sabine ynskjer alle velkomne til Årbakka Handelstad i sommar.