Tradisjonell torgdag

Publisert av: May Britt Meland
5/6/2018 21:17

Laurdag 9. juni er det klart for Torgdagen i Bergen og opningsmarkering av Kystpilegrimsleia.

På torgdagen kan du oppleva eit yrande folkeliv, dette er ein festdag for bymann og stril. Frå strilalandet kjem fjordabåtar, skøyter og robåtar til indre del av Vågen.

Om du tek turen vil du finna nydelege ostar frå Myrdal Gard og mørt, smakfult kjør frå Garden på Dalland.

Kystkulturavisa er klar

Dagleg leiar i stiftinga Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland, seier det er ei glede å kunne sjøsetja Kystkulturavisa 2018. Her finn ein stoff om øvrige kystkulturhendingar utover sumaren frå Gulen i nord til Sveio i sør.