Nye tiltak og anbefalingar i samband med smitteutbrota i kommunen

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/11/2021 15:44

Kommunal kriseleiing har hatt møte i dag, laurdag, og kjem no med nye anbefalingar og tiltak i samand med smitteutbrota i kommunen.

Etter testing på torsdag er det no tilsamen 15 personar i Tysnes kommune med påvist koronasmitte. Dei fleste av desse har tilknyting til 3. og 5. trinn ved høvesvis Uggdal og Tysnes skule.

Med mål om å få oversikt over situasjonen og for å hindre vidare smittespreiing, kjem kommunen med tiltak og anbefalingar for den kommande veka.

Det vert anbefalt at samlingar og arrangement den kommande veka vert utsatt. Dette gjeld også treningar og samlingar for barn og unge, då det er blant denne gruppa det no er påvist smitte.

Skulane og barnehagane går over til gult nivå frå måndag.

Lokale tilrådingar

Det aller viktigaste no er at alle med nyopståtte eller uavklarte luftvegssymptom held seg heime og gjennomførar testing.

Me vil i tillegg komme med følgjande generelle anbefalingar for veke 45:

  • Hald avstand til andre der det er mogelig i det offentlige rom, gjerne ein meter.
  • Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er høve til å holde minst ein meters avstand innandørs i det offentlige rom.
  • Vurder bruk av heimekontor når det er mogelig.
  • Reduser talet på nærkontaktar.

Les meir på Tysnes kommune si heimeside.