Ny vellukka adventfest på Tysnes sjukeheim

Publisert av:
1/12/2009 07:44

Fine adventpynta bord og sal var med og gjorde ramma rundt festen heimekoseleg.

Pianomusikk leia oss gjennom dei kjære julesongane.

Marit prest minna ein fullsett sal om at sjølv om me forandrar oss, står noko fast.

I eit interessant kåseri fortalte Olav Skjellevik om juleførebuingane i heimen frå gamal tid.

Deler av Bømlo trekkspelklubb gledde alle med friske, kjente  tonar – med Eivind Tysnes som solist.

Så var det kaffi og kaker i lange baner før alle gevinstane på loddbøkene var trekte.

Det heile vart trygt og naturleg leia av Helga, styrar på sjukeheimen.