Nye tilfeller, forventar fleire positive

Publisert av: May Britt Meland
23/1/2022 08:54

Smittesituasjon i Tysnes kommune, 22.1.2022, kl 21.29

5 nye tilfelle sidan 21.1.2022 kl 23.59

Dette melder Tysnes kommune:
Her vil me informere om smittesituasjonen i Tysnes. Me forventer at det vil komma fleire positive testar i tida framover, slik trenden også er i resten av landet. I tillegg til smitte som er stadfesta ved PCR-test, er det også nokon som har testa positivt på hurtigtest. Det er difor forventa at me kan få nokre nye bekrefta smitta på PCR-test i dagane framover.

Påviste tilfeller dei siste 14 dagane: 14
Sist oppdatert: 22. januar

Dette gjeld personar som har registrert bustadadresse i Tysnes kommune.

Me vil oppdatera informasjon om smitteutbrot på måndag, onsdag og fredag i tida framover, så lenge det ikkje kjem eit lokalt smitteutbrot som gjer at me treng hyppigare oppdateringar.